Om Klubben
BSI Wushu er en gruppe under paraply-organisasjonen BergenStudentenes Allianse Idrettslag. Me trener i Fabrikkgaten 7B litt nord for danmarksplass. Seint på våren og om sommeren trener me i tillegg utendørs. Me har nybyrjaropptak ved semesterstart haust og vår. Me trener tradisjonell og moderne taijiquan, qigong og changchuan / nanchuan
Taiji, Qigong, Wushu og BSI Taiji
Taiji er ein kampkunst som stammar frå Kina og er kjend for sin positive verknad på kropp og sinn. Regelmessig trening gjer kroppen spenstig, sterk og smidig, andedrettet vert djupare, kroppskontroll, balanse og sirkulasjon bedrast, medan ein utviklar eit
avbalansert, klart og oppmerksomt sinn. Treninga avstemmer kropp og sinn, og vert ofte omtala som 'meditasjon i bevegelse'. Taiji passar for alle, uavhengig av alder, kjønn eller fysiske ferdigheiter, anten ein er interessert i helse og sjølvutvikling eller kamp og sjølvforsvar. I taiji vert det, heller enn bruk av muskelstyrke, lagt vekt på korrekt kroppshaldning, prinsipp frå taoistisk filosofi og bruk av indre energi; 'qi'. Når ein trener taiji lærer ein langsame og harmoniske rørsler som er sett saman i “formar”; kjeder av rørsler som utførast roleg, flytande og svært presist. Ein kan trene desse formane kvar som helst, aleine eller saman med andre.
Det eksisterar i dag ulike stilar innan taiji. BSI Taiji trener i hovudsak Yang-stil taiji, som er den mest utbredte stilen både i og utanfor Kina. Som nybyrjar vil ein læra moderne Yang-stil former, men etter kvart vil ein kunne lære den tradisjonelle Yang-stil formen, som er lengre og meir krevande. Vidarekomne i BSI Taiji vil dessutan kunne lære Chen-stil taiji; ein stil som er kjappare og legg større vekt p kampkunstaspektet ved taiji. Vidarekomne vil også ha høve til å læra ulike våpenformar (sverd og sabel). I tillegg til desse formane trener me 'push-hands' teknikkar; parøvingar der ein nyttar og utviklar forståinga av rørsleprinsippa i taiji.
Qigong er ein fleire tusen år gamal kinesisk treningsform for å kultivera kroppens naturlege energi og byggjer, som taiji, på teoriar frå tradisjonell kinesisk medisin. I BSI Taiji trener me ståande meditasjon og qigongøvingar med spesielt fokus på å samle og kontrollere energi i kroppen, som er naudsynt for taijitreninga.
BSI Taiji samarbeider med Bergen Taijiquan Klubb. Klubbane har same hovedinstruktør, Rune Ingebrigtsen, som har trent taiji i over 25 år, og hatt instruktørlisens sidan 1987. Han har vitja Kina ei rekke gonger og motteke privat instruksjon hjå mange av Kinas fremste taiji utøvarar. BSI Taiji og BTK plar saman leige inn instruktørar frå Kina, som oftast ein gong kvart semester.
