Sverdseminar II med Zhu Hong, 8 og 9 september
Fredag 8 og laurdag 9 september inviterer BSI Taiji og Bergen taiji og wushu klubb til taiji sverdseminar med Zhu Hong. Zhu Hong er tidligare landslagsutøver for Kina, og er no Wushu trener på Sports Universitetet i Beijing. Han skal lære vekk 42 taiji sverdform (42 taijijian )
Seminaret er for dei som deltok på seminaret han hadde før
sumarferien, og for andre som har trent sverd ei stund. Det vert
oppfrisking av det me lærte då og kanskje nokre nye bevegelser.
Seminaret koster 150 kr. Det koster itillegg kr 40/60 kr for å kome
inn på Vektertorget. Dersom du ikkje har eige sverd kan du låna det
på seminaret, eller det vert mogeleg å kjøpa eit sverd der.
Seminartider:
Fredag 8.9 kl 19.00 - 21.30 på Vektertorget
Laurdag 9.9 kl 14.30 - 17.00 Vektertorget
Påmelding og betaling:
Alle som skal delta må melda seg på.
Påmelding gjerast ved å sende ein mail til sverrehelge@gmail.com Det er fint om du opplyser om
du treng å låna sverd eller har ditt eige.
Pengane (150 kr) setjast inn på BSI Taiji sitt kontonummer: 3624 55691 51. Hugs å skrive på namn.
Vel møtt !
