Juleavslutning
| Hva | Seminar Workshop Sosialt arrangement |
|---|---|
| Når |
2006-12-02 fra 11:00 til 14:30 |
| Hvor | Lehmkuhlhallen |
| Add event to calendar |
|
Som ei avrunding på semesteret tek vi eit treningsseminar i Lehmkuhlhallen laurdag 2. desember.
Program
|
|
Sanshougruppa |
Neijiagruppa (taiji) |
Waijiagruppa (taolu) |
|
11:00-11:30 |
Oppvarming | Oppvarming | Oppvarming |
|
11:30-12:00 |
Taijiquan |
Changquan |
Sanshou |
|
12:00-12:30 |
Changquan |
Sanshou |
Taijiquan |
|
12:30-13:00 |
Pause med informasjon frå styret | Pause med informasjon frå styret | Pause med informasjon frå styret |
|
13:00-14:30 |
Sanshou |
Taijiquan |
Changquan |
Den fyrste halvannan timen vil bestå av ei felles oppvarming og ei innføring i dei greinene de ikkje driv med til vanleg. Vi trenarar synest det er viktig at sjølv om de spesialiserer dykk i éi wushugrein, så er det viktig å ha oversikt over kva andre greiner som vert trena i klubben. De som trener fleire greiner må velje kva for ei gruppe de ynskje å høyre til denne dagen.
I pausen vil det verte informasjon frå styret. Spesielt kjem vi til å snakke om årsmøtet som skal haldast i februar. Det kjem til å vere behov for fleire som kan ta ansvar i drifta av klubben i 2007, og vi håpar å få inspirert nokre sjeler til å ta i eit tak.
Den siste økta vil vere
intensiv trening i den greina det trenar til vanleg, og vi kjem til å ha fokus
på personleg tilbakemelding.
På kvelden vert det fest! Nærare informasjon om dette kjem så snart vi har fått leigd eit lokale.
